1BA på nyttige ekskursjonar
Dei siste vekene har vi i 1BA, altså byggklassa, vore så heldige at vi har fått reise på fleire bedriftsbesøk. Først ut var Pretre AS.
Pretre er ei bedrift som produserer takstolar. Dei held til i Stryn, men kan ta bestillingar frå heile landet. Dei starta selskapet i 1976 og har omlag 85 tilsette. Dei har hovudkontoret i Stryn, men har også fleire anlegg. Det er for det meste maskiner og data som bestemmer korleis materiale skal vere og laserar som viser kvar materiale skal festast. Dei har ikkje nokon lastebilar sjølv, så det leiger dei inn. Vi fekk sjå korleis dei lagar takstolar, og litt om korleis dei ulike maskinene fungerer. Etter omvisninga på Pretre, for vi innom Stryn sentrum ei stund, før vi for heim igjen.
Onsdag 25. januar var 1BA på ekskursjon på Ulstein Betong AS. Vi fikk omvising i lokala deira, og vi fikk sjå korleis dei blanda betong. Vi fekk også sjå foringsflåter (for oppdrettsfisk), både ei ferdig og to som ikkje var ferdige. Denne bedrifta er leiande på dette området. Vi fikk også sjå flytemoloar og korleis dei lagar dei.
Lærerikt besøk
I tillegg fekk vi sjå kva tømrarane og forskalingssnekkarane gjorde, og vi fekk også ei kort innføring om kva dei andre arbeidsgruppene dreiv med. Det var eit veldig interessant besøk og vi lærte mykje. Takk for besøket!
Onsdag 1. februar skulle vi til Grøvik AS i Ørsta. Vi stoppa i Ørsta og fekk shoppa litt, før vi køyrde til Liadal der bedrifta ligg. Grøvik AS er Noregs leiande produsent av komplette takrennesystem. Vi vart møtt av , som er adm. Dir. i bedrifta. Han tok oss med til dei forskjellige stasjonane og fortalte om bakgrunnen og funksjonen til kvar maskin. Det var veldig interessant å høyre om utviklinga til bedrifta.
Alle er samde om at slike ekskursjonar er lærerike og vi håper å få fleire slike turar i løpet av skuleåret.