Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Utdanningstilbod > Yrkesfag > Teknikk- og industriell produksjon

Teknikk- og industriell produksjon

Teknikk- og industriell produksjon

Ved å velje Teknikk og industriell produksjon (TIP)kan du få arbeid i store og små industribedrifter og verkstader for alle typar kjøretøy og anleggsmaskiner, ved skip og installasjonar og produksjon av olje og gass, og dessutan arbeid innan kjemi-, prosess-, og laboratoriefag. Når vi også tek med skipsverfta i nærområdet vårt, seier det seg sjølv at vala er mange.

Det er ein fordel innanfor dei fleste yrka å ha interesse for mekanikk og teknikk. Eigenskapar som nøyaktigheit og innsikt er viktig, dessutan må du ha evne til samarbeid med andre yrkesgrupper, også på tvers av landegrensene. Dette føreset språkleg kompetanse i langt større grad enn det ein kanskje har vore van med tidlegare.

Bruk av dataverktøy er også ein naturleg del av opplæringa og vert brukt i samband med både konstruksjon og produksjon, som eksempel kan ein nemne utvikling av nye propellanlegg på skip som kanskje hadde vore umogleg utan bruk av tung datakraft.

Yrka innanfor dette utdanningsprogrammet er i stadig endring, og skilnaden mellom bransjane er ikkje lenger så tydelege som dei var før. Utdanningsprogrammet gir ei praktisk, variert og teknisk grunnopplæring. Du vil få trening i alle deler av ein produksjonsprosess, testing/måling, service, vedlikehald, reparasjon, rapportering og HMT (helse, miljø og tryggleik). Utdanninga vert vanlegvis avslutta med fag- eller svennebrev, og høver godt for begge kjønn.

I samband med dei nye utdanningsprogramma kan du frå hausten 2006 velje modular eller fordjuping ut i frå eiga interesse. Dette kan vere fag i frå Vg2 eller bestemte arbeidsoperasjonar ute i bedrift.

Det kan vere greitt å vite at du kan fordjupe deg i fellesfag som til dømes matematikk for å kunne studere ved høgskule eller universitet. Slik situasjonen er no, er det stor mangel både på fagarbeidarar og ingeniørar, og når bedriftene helst vil ha ingeniørar med yrkesfagleg bakgrunn, skulle alle finne ei passande retning innanfor Teknikk og industriell produksjon

Dersom du ønskjer å verte betre kjend med oss, er du hjarteleg velkommen til å hospitere ved vår avdeling. Ta kontakt med områdeleiar Gullik Kjellstadli eller rådgjevar på skulen din for nærare avtale.

Hugs at du gjer eit val for di eiga framtid. Lykke til!

Bilder frå "Karrieredagane" 2014:

 

 

Sjå bilete frå TIP her

Kontaktpersonar

Alf Olger Dypvik
Fagleder
71 28 18 04 / Mob. 954 38 514
Send e-post