Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Utdanningstilbod > Yrkesfag > Restaurant- og matfag

Restaurant- og matfag

Restaurant- og matfag

UTDANNINGSPROGRAM FOR VG1 RESTAURANT- OG MATFAG

Dette er utdanningsprogrammet for deg dersom du:

  • Likar å arbeide med mat og drikke
  • Synest at ein kombinasjon av praktisk og teoretisk arbeid er bra
  • Har god fysisk helse
  • Er kreativ
  • Har evne til å stå på og ta i eit ekstra tak
  • Likar å arbeide tett i lag med andre
  • Ser positivt på utfordringar

Utdanningsprogrammet fører fram til yrke innan mellom anna hotell- og restaurantnæringa og næringsmiddelindustrien, men også til arbeid i bedrifter som produserer kjøtt-, fiske-, drikke-, bake- og andre matvarer. Du får også lære om eigne og andre kulturar sine mattradisjonar, og om næringsmidlar, kosthald og helsefremmande livsstil.

 

Etter VG2 har du to års læretid før du kan ta fagbrev. Du kan og velje allmenn påbygging etter VG2 slik at du oppnår studiekompetanse.

 Karrieredagane2014:

IMAG0133

Besøk av fiskeriminister

Kontaktpersonar

Solgunn Ulstein
Fagleder
71 28 18 05 / Mob. 906 55 849
Send e-post