Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Utdanningstilbod > Yrkesfag > Helse- og oppvekstfag

Foto: Odd Magne Kvalsund

Helse- og oppvekstfag

UTDANNINGSPROGRAM HELSE- OG OPPVEKSTFAG

Har du lyst til å arbeide i helse og sosialsektoren, i sjukehus og sjukeheimar, på lækjar og tannlækjarkontor, apotek eller i heimebaserte tenester, er HELSE- OG OPPVEKSTFAG utdanningsprogrammet for deg. Då kan du søkje dette programmet på 1. årstrinn (VG1) her ved HVS.

Etter fullført vg1 helse og oppvekstfag har vi  desse tilboda på vg2:

  • BARNE- OG UNGDOMSARBEIDARFAG
  • HELSEARBEIDARFAG

Den som vél slik utdanning, må ha interesse for medmenneske og vere samarbeidsvillig. Kommunikasjon vil vere ein viktig kompetanse. Etter fullført VG2 BARNE OG UNGDOMSARBEIDARFAG kan du søkje om læretid i bedrift og ta fagbrev. Arbeidsområda blir då assistent i barnehage, skule, SFO og fritidsklubbar.

Etter fullført VG2 HELSESEFAGARBEIDAR kan du og søkje om læretid ved ulike helseinstitusjonar og ta fagbrev.

Som alternativ til lærekontrakt etter VG2 kan du skaffe deg studiekompetanse og ta høgskuleutdanning innan fleire av desse fagområda. Til dømes kan du gjennom høgskulestudium utdanne deg til sjukepleiar, lærar eller førskulelærar.

 Bilder frå "Karrieredagane" 2014:

Kontaktpersonar

Solgunn Ulstein
Fagleder
71 28 18 05 / Mob. 906 55 849
Send e-post