Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Utdanningstilbod > Yrkesfag > Bygg- og anleggsteknikk

Miljøstasjon ved HVS

Bygg- og anleggsteknikk

Ved å velje Bygg- og anleggsteknikk kan du få arbeid innanfor fagområda tømrar, murar, betong, fjellarbeid, anlegg, anleggsmaskinførar, rørleggjar, blikkenslagar, taktekkjar, limtre, målar, industrimålar, reinhaldsoperatør, stillasbyggjar, isolatør, og trevaresnikkar.

Det er ein fordel innanfor dei fleste yrka å ha interesse for å skape noko med hendene sine. Du må vere glad i praktisk arbeid. Du må vere i brukbar fysisk form. Du må like å samarbeide med andre.

I dette utdanningsprogrammet vil du lære korleis hus vert sette opp, frå grunnmur til tak. Du vil få grunnleggjande innføring i produksjon, teikning og bransjelære. Som fagarbeidar innan bygg og anlegg vil du kome i kontakt med mange forskjellige fagområde. Derfor får du innsyn i samanhengen mellom faga, og dei krav som gjeld for bygge- og anleggsarbeid.

Elevane jobbar med praktiske oppgåver der dei må samarbeide for å verte ferdige med produktet. Produkta kan vere alt frå små leikestover til garasjar, sjøhus og tilbygg på bustader.

 

Det kan vere greitt å vite at du kan fordjupe deg i fellesfag som til dømes matematikk for å kunne studere ved høgskule eller universitet. Slik situasjonen er no, er det stor mangel både på fagarbeidarar og ingeniørar, og når bedriftene helst vil ha ingeniørar med yrkesfagleg bakgrunn, skulle alle finne ei passande retning innanfor Bygg- og anleggsteknikk.

Dersom du ønskjer å verte betre kjend med oss, er du hjarteleg velkommen til å hospitere ved vår avdeling. Ta kontakt med avdelingsleiar Alf Olger Dypvik for nærare avtale.

Husk at du gjer eit val for di eiga framtid.

Lykke til!

Bilder frå "Karrieredagane"-2014:

 
IMAG0160
   

Bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk ved Herøy vidaregåande skule

Les meir

Kontaktpersonar

Solgunn Ulstein
Fagleder
71 28 18 05 / Mob. 906 55 849
Send e-post