Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Vaksenopplæring

Rettigheiter:

  • Vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring jmf. opplæringslova har vaksenrett.
  • Vaksenretten gjeld frå og med det året søkjaren fyller 25 år.
  • Vilkåret er også at søkjaren har fullført grunnskule eller tilsvarande.

 

Fullført vidaregåande opplæring har du om du har studiekompetanse, fag- eller sveinnebrev, eller annan yrkeskompetanse, t.d. hjelpepleiar eller helsesekretær.

Om du har fullført opplæringa, men har fått stryk i eitt eller fleire fag, har du ikkje rett til å få dekka utgiftene til ny opplæring.

Fylkeskommunens ansvar

Fylkeskommunen har ansvar for at det vert gitt tilbod om vidaregåande opplæring for vaksne. Når du er teken inn i eit tilbod som er gitt av fylkeskommunen, har du fullføringsrett.

Opplæring i offentleg vidaregåande skule eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommuna har ansvar for å halde vaksne som får vidaregåande opplæring med nødvendige trykte og digitale læremiddel. Fylkeskommuna har også ansvar for å gjennomføre realkompetansevurdering av vaksne med rett til videregående opplæring.

Herøy vg. skule er ein av mange skular som utfører desse oppgåvene på vegne av Møre & Romsdal Fylkeskommune.

Kontaktpersonar

Eivind Lillebø Eivind Lillebø
Avdelingsleiar
71 28 18 03
Send e-post