Studieførebuande
Vg3 Påbygging til studiekompetanse
Når du har fullført VG1 og VG2 ved eit yrkesfagleg utdanningsprogram, kan du velje VG3 påbygging til generell studiekompetanse. Denne studiekompetansen vil gi deg høve til å søke dei fleste studia ved høgskular og universitet. Her er døme på nokre av dei utdanningane du kan velje med utgangspunkt i generell studiekompetanse:
Helse- og sosialfag, journalistikk, bibliotek- og mediafag, lærarutdanning, førskulelærarutdanning, barnevern, juss, historie, filosofi, kunstfag, designfag og språkfag.