Handlingsplan
Handlingsplan 2019-2021
Herøy vidaregåande skule
Styrande for utarbeiding av handlingsplanen: - Kvalitetsplanen for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal - Oppdragsavtale for Herøy vidaregåande skule for skuleåra 2019-2021 - Resultat frå Hjernen og hjertet |
||
STRUKTURKVALITET | ||
Resultatmål: - Skulen skal tilby relevante programområde for elevane og næringslivet i inntaksregionen. - Dei elevane som ønskjer det får lærekontrakt etter vg2. - Elevane skal ha tilgang på nødvendige eksterne hjelpeinstansar. - Elevane skal ha kvalifiserte og kompetente lærarar i alle fag. |
Tiltak: - Samarbeide godt med ungdomsskulane i rådgjevingsarbeidet - Vere aktive i foreldresamarbeidet. - Samarbeide godt med næringsliv, opplæringskontor og formidlingskoordinator. - Oppretthalde godt samarbeid med kommunale tenester som helsesøstertenesta og ev. andre. - Legge til rette for fagleg fornying og vidareutdanning.
|
|
PROSESSKVALITET | ||
Resultatmål: - Elevane skal få god undervegsvurdering som er godt dokumentert i Skolearena. - Elevane skal møte tydelege og samkøyrde lærarar som har felles forståing for godt læringsmiljø og reglar i skulekvardagen. - Elevane skal få undervisning av høg kvalitet i alle fag og som er tilpassa elevane sine føresetnader. - Alle elevane har rett på eit godt og trygt skulemiljø (Opplæringslova §9A). - Kompetansen i digitale ferdigheiter skal aukast både hos elevar og lærarar. - Elevane skal få godt kjennskap til lokalt arbeids- og samfunnsliv. - Ikkje tilfredsstillande resultat i elevundersøkinga må forbetrast. |
Tiltak: - Vidareføre arbeidet med klargjering av læringsmål, eigenvurdering, fagsamtalar og dokumentasjon. - Klasselærarmøta må følgje opp dei felles klassereglane som er utarbeidde, og arbeide vidare saman med elevane om reglar for klassemiljøet. - Skulen må utarbeide ein standard for kva ein meiner med omgrepet god undervisning og sikre at elevar og lærarar vert involverte i dette arbeidet. - Utarbeide og implementere rutinar som stettar krava i lova. - Skulen tek del i fylket si satsing på IKT-plan og følgjer dette opp lokalt. - Arbeide for at elevane får relevant praksis og kunnskap om arbeidslivet og lokalsamfunnet. - Skulen må i større grad involvere dei tilsette i evalueringa av resultata i Hjernen og hjertet og i oppfølgingsarbeidet. |
|
RESULTATKVALITET | ||
Resultatmål: | Tiltak: | |
- Minst 80% gjennomføring på vg1- og vg2-nivå, og på påbygging. | - Endå tidlegare innsats når ein ser fråværet vert høgt. - Ha gode rutinar for å «jakte» på ståkarakter i fag der det er fare for stryk. - Rådgjevingstenesta må hjelpe eleven til realistiske og motiverande val.
|
|