Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Vidare opning av skulen

Vidare opning av skulen

På kvelden 7.mai, heldt regjeringa pressekonferanse der dei melde at alle grunnskular og vidaregåande skular skal opnast for alle elevar frå neste veke (frå måndag 11.05.) Vi ser fram til at skuledagen skal verte meir normalisert!

I to veker har vi no hatt eit avgrensa tilbod til Vg2-elevane (mest praktisk opplæring). Vi kjem sjølvsagt til å opne vidare opp, men vi treng litt tid til å planlegge korleis dette vert. Blant anna må det avklarast korleis skuleskyssen skal organiserast.

Måndag 11.05. vil vi kome ut med meir informasjon om korleis vi vil organisere undervisninga vidare.

Inntil anna informasjon vert gitt, møter Vg2-elevane etter den planen dei har no, og dei andre elevane får heimeundervisning.

Vedlagt følgjer oppdatert smittevernrettleiar som vi må følgje.