Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Thomas Husøy trivst i Forsvaret

Fekk besøk av lærling

Fredag 8. september fekk elevar og lærar Bodvar Skrede i 2MA2 besøk av ein tidlegare elev, Thomas Husøy.

Thomas er 2. års lærling i Forsvaret og han hadde ein grundig gjennomgang av kva som er forventa, og kva krav som blir stilte når ein skal ut i arbeidslivet.

Det er alltid kjekt når tidlegare elevar kjem attende til skulen med nyttig informasjon.

Matroselevane fekk ei lærerik og svært nyttig økt, og dei takkar Thomas for besøket.