Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Stor byggejobb i Herøy kyrkje

Stor byggejobb i Herøy kyrkje

Snart 600 kvadratmeter i kjellaren i Herøy kyrkje skal byggast ut og innreiast av nokre av Herøy vgs sine elevar.

Elevane ved bygg- og anleggsteknikk og byggteknikk har ein stor jobb føre seg med å innreie kjellaren i Herøy kyrkje i Fosnavåg.

I eit par år framover står mykje arbeid føre elevane her. Ein kjempejobb skal gjerast og elevane er budde på å få bryne seg på mykje nyttig arbeid, eit arbeid som gir glimrande læring for dei framtidige snikkarane og arbeidarane innan byggjebransjen.

Kjellaren har stor plass og skal i framtida ha konferanserom, kinosal, gymsal, kaffebar, garderober, rom for bordtennis og biljard, i tillegg til eit stort vrimleareal.

Prosjektet tek minst to år å ferdigstille, men elevane kan då sjå tilbake på eit varig resultat av deira eige arbeid.

Det er byggjenemnda i Herøy kyrkjelege fellesråd som engasjerte elevane i dette prosjektet. Byggfag-lina ved Herøy vgs har eit godt samarbeid med lokale institusjonar, næringsliv og folk i Herøy, noko som gir gjengen høve til å ta del i reelle byggjeoppdrag.

- Elevane gjer ein kjempejobb og utan dei hadde vi ikkje komt i gang med dette prosjektet på lang tid, fortel Jack Remøy, som er leiar for byggjenemnda i fellesrådet i kyrkja.

Sjå fleire foto her

Alle foto: Stein Arne Lilleøy, Vestlandsnytt.