Då er skuleåret over
I går var skuleåret for elevane over, og elevane fekk utdelt sine vitnemål og kompetansebevis.
Elevane har no gjort unna eit litt annleis skuleår, og tok i går sommarferie. Etter ein periode med heimeskule grunna coronaviruset, var det godt for mange å kome tilbake på skulen igjen i vår.
No har fleire av HVS sine elevar gjort unna sin skulegang og er klare for læretid på sjø og land dei neste to åra.
Vg1-elevane fekk i går utdelt sine karakterar av kontaktlærarane, medan Vg2-elevar og Vg3-elevar tok i mot sine vitnemål og kompetansebevis ute på skuleplassen i strålande sommarver av rektor Ester Sørdal Klungre.
Vi ønskjer alle elevar og tilsette ein god sommar!
|
|
|
Oppdatert: 19.06.20