Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Skulestart vert måndag 17. august kl. 08.45

Velkomen som elev ved Herøy vgs!

Vi ønskjer alle elevar som har fått plass velkomne til nytt skuleår på Herøy vgs. Skulestart vert måndag 17. august kl. 08.45. Alle elevane møter på skuleplassen, så vil kontaktlærarane vere med elevane til klasseroma.

I løpet av skulestartperioden vil det bli gitt mykje informasjon om kva det vil innebere å vere elev i vidaregåande skule på dei ulike tilboda. Skulen vil gjere sitt for at kvar einskild elev skal få eit så godt opplæringstilbod som muleg.

Så er det viktig at de som elevar også møter med innstilling om å lære og at den einskilde bidreg til å skape eit godt læringsmiljø. Dette må vi gjere saman!

Skulen har rutinar for smittevern i samband med koronapandemien. Særleg no i starten på skuleåret etter at mange har vore på reiser og feriar er det viktig at vi følgjer reglane. Vi minner om grunnpilarane: halde avstand – god handhygiene – ikkje kome på skulen om ein har symptom.

Så vil vi også minne om at de hugsar på følgjande:

-          Dersom du ønskjer å kjøpe PC gjennom fylket si pc-ordning, hugs å søkje! (dette er ei god ordning) Informasjon finn du her: https://skolestart.mrfylke.no/pcinfo

-          Du som treng skuleskyss søkjer på https://skoleskyss.mrfylke.no/ 

-          Alle har rett på utdanningsstipend i Lånekassen. Vi oppmodar alle til å søkje: https://www.lanekassen.no/

Om de har spørsmål eller opplysningar som skulen treng, er det berre å kontakte oss.

Sentralbord: 71 28 18 00. Epost: heroy.vgs@mrfylke.no

Vel møtt!

Ester Sørdal Klungre

rektor