Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Skal styrke rolla til elevar og lærlingar

Elev- og lærlingombodet i fylket

Elev- og lærlingombodet i fylket er med på laget for å styrke elevar og lærlingar si rolle i den vidaregåande opplæringa og for å gje informasjon om rettar og pliktar i vgo. Ombodet skal også hjelpe når det er noko ved skulen eller i opplæringa som ikkje er som det skal.

Fylkestinget i Møre og Romsdal har gjennom vedtak om elev- og lærlingombod (2005) sagt at elevar og lærlingar i fylket skal ha tilgang til eit uavhengig lågterskeltilbod som kan gje råd, rettleiing og støtte om dei treng det.

Dette skal vere eit tillegg til dei tenestene elevane har på skulen og som lærlingane har i bedrifta og gjennom opplæringskontor.

Om du er elev, sjå på denne lenka til elev- og lærlingombodet for meir informasjon: www.mrfylke.no/elo