Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Servering av skotsk lunsj ved HVS

Haggis og fish 'n' chips til lunsj

Det vart servert haggis, og så fish 'n' chips, på kjøkenet i dag av Vg2-elevane på kokkelinja.

Vinh, Tobias og Jonfred jobba godt og stod for bearbeidinga av den skotske nasjonalretten haggis, som vart servert med smakfull Whiskey-saus og potet- og rabbestabbe.
I tillegg hadde dei laga til fish 'n' chips som ein del av ein 2-rettars lunsj, og her fungerte det tverrfaglege arbeidet mellom prosjekt til fordjuping og engelsk bra.

Vg1-elevane på RM var lunsjgjestar og dei fleste sa at haggis-måltidet var sånn passeleg, at det var ok, medan andre faktisk likte det ganske så godt.

Haggis er den skotske nasjonalretten, ein tradisjonell matrett som er laga av innmat av får, blanda med lauk, havre- eller bygg-gryn og krydder, som så vert kokt i ein dyremage.

Den britiske fisn 'n' chips var tydelegvis meir populær blant elevane samanlikna med haggisen, og fisken vart servert med potetbåtar, ertestuing og remulade; nydeleg godt!

Stor takk til gjengen på Vg2 kokk!

Haggis til lunsj