Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Sagar villmarkspanel i sola

Sagar villmarkspanel i sola

Elevane på Vg2 byggteknikk nytta soldagen til å sage til villmarkspanel ved bygghallen.

Gutane driv med fleire små og store byggjeprosjekt i år, og planlegg arbeidet fram mot vinteren og våren.

Onsdag 29.november nytta dei det kalde, fine vinterveret til å sage til villmarkspanelet som har kome frå Stryn.

Planen er at villmarkspanelet skal nyttast mellom anna til å lage til utandørs trebord ved skulen, ein gong når det vårast. Før den tid må panelet sagast til og behandlast med olje.

Saging av villmarkspanel