Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Ole-Martin steig 21 meter til vers

Kontaktpersonar

Eivind Lillebø Eivind Lillebø
Avdelingsleiar
71 28 18 03
Send e-post

Ole-Martin steig 21 meter til vers

Ole-Martin Moltumyr steig 21 meter til vers, då han fredag hadde sin praksis i samband med liftkurset ved Herøy vgs.

Fredag 15. september hadde ti lokale karar praksis i bruk av personløftar ved skulen. To av dei, Ole-Martin Moltumyr og Kim Storøy som arbeider i Herøy kommune, steig 21 meter til vers denne regndagen.

Ressurssenteret ved Herøy vidaregåande skule har denne veka arrangert dokumentert opplæring i bruk av personløftar (liftkurs).

Kurset omfatta klasse A, tilhengarmontert personløftar og klasse B, sjølvgåande personløftar. Tysdag 12. september var det 7 timar med teoretisk undervising. Og fredag 15. september hadde dei 4 timar med praktisk undervising, i to ulike grupper på 10 personar.

Norske myndigheiter stiller krav til at arbeidstakarar som nyttar lift(personløftar) kan dokumentere praktisk og teoretisk opplæring i bruken av desse («Forskrift om utførelse av arbeid…»  §10-2 Krav om dokumentert sikkerheitsopplæring ved bruk av arbeidsutstyr.

Opplæringa skal gje kunnskap om dei krav som vert stilt til sikker bruk og betjening i forskrifter og i betjening. Kursinnhald:

  • Lover og forskrifter
  • Ansvar og kvalifikasjonar hjå brukaren
  • Oppbygging, virkemåte og oppstilling
  • Køyring og stabilitet
  • Sikkert arbeid, forflytting på vei
  • Rutinekontroll
  • Ulykker og farlege situasjonar
  • Avsluttande arbeidsoppgåve(dag 1)
Liftkurs ved HVS