Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Nicolai gjennomfører containerløftet svært godt

Praktiske eksamenar ved skulen

Denne veka har mange elevar på Vg2 førebudd og gjennomført praktiske eksamenar. Nicolai Nygjerde Hansen gjorde ein svært solid jobb med containerløft-delen av sin eksamen.

Nicolai Nygjerde Hansen i aksjon under eksamen

Ein dyktig Nicolai Nygjerde Hansen (2MA2) i aksjon under eksamen.

2MA2 (matrosklassa) gjennomfører onsdag 3.juni sine praktisk-munnlege eksamenar ved Herøy vgs.

Avsluttande praktisk-munnleg eksamen er noko av det siste dei framtidige matrosane gjer her på skulen, før ein skal ut i 2 års læretid.

Vi knipsa nokre foto av Nicolai Nygjerde Hansen (2MA2), i det han førebudde containerløft.

Sensor frå Fjord1 testa Nicolai med fleire spørsmål undervegs, og Nicolai gjorde ein svært god jobb, både ved å svare for seg og på den praktiske biten av containerløftet.

Matros-elevane skal også testast i t.d. stabilisering, signalering med meir, som del av eksamen.

 
   
   

Comments