Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Med fokus på nettbruk, mobbing og rusmiddel

Solidaritetsdag på skulen

Herøy vgs arrangerte sist veke ein solidaritetsdag for elevane, med fokus på solidaritet og læring, gjennom foredrag, film, gruppearbeid og sosialt samvere. Elevar og tilsette på skulen fekk også besøk av politioverbetjent Pål Inge Olsen og politibetjent Eline Klavestad som heldt inspirerande innlegg om utfordringane som mange opplever rundt nettbruk, mobbing og rusmiddel.

Innlegg om nettbruk, mobbing og rusmiddel

Politiet informerer; med fokus på nettbruk, mobbing og rusmiddel

Avdelingsleiarane Ester Stephan og Solgunn Ulstein stod for opplegget rundt denne temadagen, og alle elevar og personalet deltok i dei ulike aktivitetane.

- Ordet solidaritet kan nyttast som forklaring på ei kjensle av å høyre saman og oppleve samhald mellom enkeltmenneske eller grupper. Vi synest dette var ein god dag for både elevar og lærarar, der vi kom saman og arbeidde med ulike aktivitetar. Det var svært nyttig å få besøk av politiet også, fortel avdelingsleiar Ester Stephan i elevtenesta ved HVS.

Mot slutten av dagen skulle elevane, gjennom gruppearbeid, lage til plakatar med dei sentrale punkta og tankane omkring utfordringane rundt nettbruk, mobbing og rusmiddel.

Kva er til dømes eit trygt læringsmiljø og korleis kan vi alle på skulen bidra til eit trygt læringsmiljø? Kva må til for å oppleve meistring? Kva skal ein gjere om ein ser eller veit at nokon vert mobba, anten på skule, i fritida eller på nettet? Og kva gjer ein om ein kjenner nokon som nyttar narkotiske stoff?

Elevane deltok i nyttige diskusjonar omkring mange av desse og fleire andre spørsmål.

Herøy vgs vil takke dei engasjerte politibetjentane som deltok på solidaritetsdagen, høvesvis politioverbetjent Pål Inge Olsen og politibetjent Eline Klavestad, og sjølvsagt elevane på skulen vår.

Solidaritetsdag