Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Matrosklassa fekk besøk og gode råd

Tidlegare matroselevar informerte dagens maritime elevar

Årets matroselevar på Vg2 ved Herøy vgs fekk gode tips og råd frå førsteårslærlingar og høgskulestudentar.

Nyttig seanse for matroselevane
           
         

Det er alltid populært når dagens maritime elevar får besøk av tidlegare elevar som kan gi gode råd om livet etter to år ved Herøy vgs.

I veke 37 og 38 hadde matrosklassa besøk av tidlegare elevar som informerte om vegen dei har gått etter at dei gjekk ut frå skulen her. Dei hadde svært gode innlegg, ikkje minst om kva som skal til for å lukkast.

Martinus Holstad og Camilla Liavåg går no andre året på Høgskulen i Ålesund (www.hials.no). Martin Dimmen og Mikkel Riise går andre året på Fagskulen i Ålesund (www.fials.no), medan Eivind Dimmen og Eirik Hamre er førsteårslærlingar.

Alle har segla på fleire forskjellige type skip i læretida og dei kunne fortelje elevane mange nyttige ting om kva som ventar ein ute på høgskule og i arbeidslivet, og kva som ikkje er forventa av dei tida i framover.

Comments