Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Matrosgjengen fekk omvising på Havila Subsea

Matrosklassa besøkte Havila Subsea

Elevane i 2MA2 fekk gode råd av kaptein Inge Eriksen ombord Havila Subsea.

Matroselevar ombord Havila Subsea

Matroselevane på brua ombord Havila Subsea.

Havila Subsea ligg til kai ved Mjølstadneset denne veka. Matroselevane ønskte sjølve å kunne besøke det avanserte subsea-fartyet som er designa og bygd av Havyard og drifta av Havila.

Elevane tok onsdag sjølve kontakt med mannskapet på Havila Subsea for ein eventuell rundtur ombord i det flotte IMR-skipet.

Dei fekk ja på kort varsel, og ein imøtekomande kaptein Inge Eriksen tok vel i mot gjengen på Mjølstadneset. Han kunne fortelje dei komande matrosane om kva som ventar når elevane skal ut i læretid på ulike offshorefarty til neste år.

Her fekk dei gode tips om sikkerheita ombord, avanserte ROV-operasjonar i samband med langtidskontrakten til Havila Subsea, og at instruksjonar, rapportar og møter foregår på engelsk, med meir.

Kaptein Eriksen poengterte at det er viktig å jobbe med alle faga på skulen, og spesielt kor viktig engelsk har vorte dei seinare åra.

- Alle instruksjonar og møter skjer på engelsk. Det er berre å setje i gong å pugge maritime engelske gloser først som sist, fortalde kapteinen.

Vi takkar mannskap og kaptein for eit svært interessant besøk!

Matroselevar ombord Havila Subsea
  
   
   

Comments