Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Markering med foredrag, film, konkurransar og mat

Internasjonal dag ved HVS

Tysdag 24.oktober arrangerte elevane internasjonal dag ved HVS, på sjølve FN-dagen, med foredrag, film, konkurransar og internasjonal mat.

Denne veka er internasjonal veke for mange elevar på vidaregåande skular rundt om i Noreg. Dette er ein informasjonskampanje som deltakande skular må gjennomføre, og i neste veke (onsdag 1. november) er det i tillegg duka for Operasjon Dagsverk (OD).

Tysdag 24. oktober, fekk Herøy vgs sine elevar engasjere seg i Kjetil Haanes sitt foredrag om internasjonalt arbeid og Amnesty, informasjon om OD, konkurransar, vekenytt, sjå filmen Blood Diamond, og smake internasjonal mat.

Målet med dette tiltaket er kunnskap, kunnskap og forståing av verda rundt oss. Fleire meiner at det å vere medvitne globale spørsmål, og korleis ein kan påverke, er vel så viktig som bistandsmidlar.

Jollof-ris med kylling (Nigeria), Foccacia-brød (Italia) og bananmuffins (Marokko), vart naturlegvis laga på huset av dyktige HVS-elevar.

Dagen var godt gjennomført, med stor innsats frå mange dyktige elevar.

Internasjonal veke