Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Lagar til matstand i Fosnavåg laurdag 6.september

Elevar klare for Makrellfestival

Elevane på Vg1 RM og Vg2 Kokk lagar til spennande matstand under Makrellfestivalen i Fosnavåg laurdag 6.september.

Elevane lagar Makrellfestival-mat

Full rulle på kjøkenet før Makrellfestivalen laurdag 6.september.

Like årviss som Makrellfestivalen er elevane si deltaking på same festival. Fredag 5.september er alle elevane på 1RM og 2KO i full sving på kjøkenet med å førebu "fillegris", fiskesuppe, ulike kaker, muffins og andre godsaker til festivalen laurdag 6.september.

Du lurer kanskje på kva "fillegris" er? Møt opp på festivalen laurdag og finn ut sjølv!

Elevane tek del på festivalen kvar haust og er med på å syne fram noko av det spennande som skjer på Herøy vgs. Tilbakemeldingane til gjengen på kjøkenet er gode og elevane har teke bestilling av kaker frå lokale bedrifter.

Makrellfestivalen er ei maritim messe med varierte matstandar og andre standar der lokale bedrifter er representerte.

Messeområdet og telta er opne laurdag frå klokka 10 - 18, så her er det berre å møte opp for å kjøpe seg ein matbit som elevane sjølve har samarbeidd om å lage.

Comments