Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Kurs i sikker bruk av fallsikringssele

Kurs i sikker bruk av fallsikringssele

Fredag 16. januar har dei maritime elevane på Vg2 fått opplæring i sikker bruk av fallsikringssele ved Herøy vgs.

Lærar Asbjørn Steinnes og elev Jonas Sira er klare til oppturen

Lærar Asbjørn Steinnes ved Herøy vgs har nytta fredagen til å gje dei framtidige maskinistane og matrosane opplæring i korleis ein skal sikre seg med fallsikringssele, der ein utfører arbeid i område over to meter, og der det er fare for fall.

I slike arbeidsområde krevst det bruk av fallsikringssele, og det er påkrevd dokumentert opplæring, noko elevane får på skulen vår.

Kurset gjekk fint, og elevane får no i ettertid bevis på at dei har teke del.

Det var ingen elevar - tilsynelatande - som hadde problem med å kome seg opp på skuletaket, om lag 10 meter over bakken.

Kurs i bruk av fallsikringssele
 
 

Comments