Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Kokke- og matroselevane ombord Gann

Info- og matstand på skuleskipet Gann

Kokkegjengen og matros-elevane ved Herøy vgs stilte opp med stand ombord skuleskipet Gann.

Skuleskipet Gann

Skuleskipet Gann ved kai på Mjølstadneset onsdag 29.oktober

Onsdag i veke 44 låg skuleskipet Gann ved kai på Mjølstadneset.

Og med det fekk også HVS sine elevar i 2KO og 2MA2 høve til å syne seg fram for alle 10.-klassingane som besøkte Gann denne dagen.

Fem av matroselevane ved skulen gjorde ein flott jobb og informerte dei besøkande ungdomskuleelevane om mulegheitene dei kan finne ved Herøy vgs.

Og på same dekk hadde elevane i 2KO rigga seg til med aperitif, kyllingkarrisuppe, pulled pork og smaksprøver på gode kaker.

Skuleskipet Gann med mannskap og lærarar har i haust segla langs norskekysten, saman med til saman 120 elevar ombord, 60 på Vg1 og 60 på Vg2.

Stand på skuleskipet Gann