Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Kokkane får god service

Kokkane får god service

Vg2 kokk har i veke 15 hatt prøveeksamen i norsk og i den samanheng fått glimrande service og påfyll frå June Pettersen.

Elevar treng hjerneføde for å prestere optimalt.

Assistent June Pettersen på kjøkenet diska denne veka opp med grovt brød, ost og frukt til kokke-elevane då dei måtte yte sitt beste i norskfaget.

June serverte også kaffe og isvatn til gjengen. Resultatet vart motiverte og nauta fornøgde elevar!

På bildet ser vi 2KO-elev Kristina Ramstad som er svært fornøgd med servicen ho fekk.

Og så får ein sjølvsagt krysse fingrane for at resultatet til elevane ved 2KO også vert bra.