Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Klage på standpunktkarakter

Klage på standpunktkarakter

Skuleåret nærmar seg slutten og karakterar vert gjevne i dei ulike faga. Med det følgjer også informasjon og retten til å klage på standpunktkarakterar.

Du kan klage på standpunktkarakterar dersom du meiner at dei som har sett karakterane ikkje har fulgt reglane.

Du kan også klage dersom du ikkje har fått standpunktkarakter. Karakterar vert offentleggjorde på Skolearena 17.juni, og klagefristen er 10 dagar etter dette. 

Dine føresette kan klage på vegne av deg fram til du er 18 år. Frå du er 18 år, kan du klage sjølv.

Her kan du lese meir om klagefristar: 

https://mrfylke.no/for-deg-som-er-elev-laerling-eller-privatist/elev-i-vidaregaaande-opplaering/eksamen-og-vurdering/klage-paa-standpunktkarakter