Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Kan du gå, sykle eller sitte på med nokon til skulen?

Kan du gå, sykle eller sitte på med nokon til skulen?

Mange føler seg utrygge når bussane blir veldig fulle. Om alle som kan, går, syklar eller køyrer privatbil, blir det betre på bussen for dei som ta buss.

Vi har heldigvis veldig lave smittetal for COVID-19 i Møre og Romsdal. Dette gjer at det på FRAM sine bussar er tillate å bruke alle seta unntatt første rad og at ein kan stå i bussen. Nyleg blei det også opna for påstiging via framdør. Men rundt skulestart og skuleslutt har FRAM ei utfordring med at bussane blir altfor fulle, og har ikkje fleire bussar å sette inn.

Bur du så nær skulen at du kan gå eller sykle, ber vi om at du ikkje tar buss til og frå skulen, men tek sykkelen eller beina fatt. Bur du lenger unna, kan du kanskje sitte på med nokon som køyrer?

Hugs at myndigheitene ber deg om ikkje å reise kollektiv, dersom du ikkje må.

Hjelp oss å halde bussen trygg!