Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Juleførebuingar på Vg2 Barn-og ungdom

Juleførebuingar på Vg2 Barn-og ungdom

Elevane på Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag lagar denne veka til julepynt og juledekorasjonar.

God Jul!

Elevane ved Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag førebur jula med pynting og laging av juledekorasjonar.

Herøy vgs sine elevar på Vg2 Barn- og ungdom er snart halvvegs i skuleåret.

Dermed står naturlegvis årets julefeiring like rundt hjørnet, og tillaging av julepynt og fine dekorasjonar av ulike slag er på programmet denne veka. Her vert det laga til julekuler, paparkakehus, peparkakehjerte, julenissar, teikningar og maling av figurar på vindauga, og mykje meir.

Enn så lenge ligg også snøen utanfor skulen og dekorerer landskapet utanfor klasseroma.

Om eit drygt halvår har denne elevgruppa gjennomført Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag. Då kan ein søkje om læretid i bedrift med påfølgjande fagbrev. Arbeidsområda til desse elevane vert ofte assistent i barnehage, skule, SFO og fritidsklubbar, med meir.

2BU lagar julepynt