Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Internasjonal Dag med fokus på Kenya

Kenya-besøk ved skulen

Herøy vgs hadde i går besøk av NSP Aid og dei to damene Winney og Sharon som begge vaks opp i slummen i Kenya. Dei kom på besøk i samband med Internasjonal Dag som skulen vår har kvar haust.

I år og dei komande åra er elevar ved Herøy vgs med på å hjelpe NSP Aid med å samle inn pengar for å byggje bustader for foreldrelause born i Kenya.

Organisasjonen gir unge ein sjanse til skule og utdanning, og våre to elevar, Kanutte og Viola, har i haust besøkt Kenya og sjølve sett at det nyttar å hjelpe.

Dersom du eller nokon som du kjenner har lyst til å bidra med pengar - smått eller stort - er du velkomen til å gjere det.

Kenya-besøk ved Herøy vgs