Undervisningsevaluering 2019 - 2020
Det er politisk vedteke at vidaregåande skular i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skuleår.
Undervisningsevalueringa skal gjennomførast ein gong per år.
Her er linken: https://mrfylke.no/nyheiter/informasjon-til-elevar-og-foeresette-om-undervisningsevalueringa-2019-2020
Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa.
Oppdatert: 11.11.19