Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Informasjon om skuleskyss

Søk om skuleskyss

Som elev i vgs kan du ha rett til fri skuleskyss til og frå skulen.

For å ha skyssrett må avstanden vere 6 km mellom skulen og der du bur (bustad eller hybel). Du søker sjølv om skyss gjennom skuleskyssportalen https://skoleskyss.mrfylke.no

Søk om skuleskyss etter at du har takka ja til skuleplass.

Når det gjeld skuleskysskortet; dei elevar som er innvilga skuleskyss for første gong, vil få utlevert skuleskysskortet på skulen.

Du må ta godt vare på skuleskysskortet, då dette skal brukast alle åra du har rett til fri skuleskyss, både i grunnskule og i vidaregåande skule. Kontakt skulen om du mister kortet.

Fylkeskommunen si nettside med meir informasjon om skuleskyss: https://mrfylke.no/for-deg-som-er-elev-laerling-eller-privatist/elev-i-vidaregaaande-opplaering/skoleskyss-i-vgs)