Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Hytteprosjektet snart i mål

Byggjer hytter i skuletida

Flinke bygg- og anleggselevar på Vg1 er så godt som i mål med hytteprosjektet som dei har arbeidd med dette skuleåret. – Det er kjekt å få planlegge og bygge eit prosjekt frå grunnen av, noko som også gir god læring, fortel fleire av elevane som står bak hyttene.

Byggjer hytter i skuletida

I fjor haust tok elevar og lærarar i 1BA ved Herøy vidaregåande skule fatt i planlegginga og bygging av to hytter, byggverk som no er ferdigkledde utvendig og i utgangspunktet klare for sal.

Hyttene er 2.35 meter x  4.20 meter, med mønehøgd på 3 meter, og er godkjende for bruk i t.d. hagen, så lenge ein fyl plan- og bygningslova.

- Dei er begge fullisolerte og har skjult elektrisk installasjon, og har gode vindauge og dører. Prosjektet har gått fint og det har vore kjekt arbeid, fortel elevane.

Hyttene følgjer god norsk byggeskikk og har 10 cm isolasjon i veggane, samt vanleg bjelkelag i golv med 15 cm isolasjon. Der er også ein liten veranda i inngangspartiet, inkludert rekkverk og flotte, naturlege søyler av furu. Elevane har også teke arbeidet med å tilpasse dører til dei to hyttene.

Det einaste som førebels ikkje er gjort, er innvending kledning, sidan potensielle kjøparar kanskje ønskjer å gjere denne biten sjølve.

Byggeprosjektet er ein del av faget prosjekt til fordjuping og elevane har også vore nøydde til å lære seg å bygge stillas til arbeidet med taket.

Elevane har naturlegvis gjort mykje meir enn å bygge hytter dette året. Fleire småprosjekt som å lage drivhus, trapp med rekkverk, blomsterkasser, småbord og meir, høyrer med til dei praktiske arbeida på Vg1 bygg- og anleggsteknikk.

Foto:

Dei to flotte og solide hyttene, og meir til, er laga av gjengen på Vg1 BA ved Herøy vgs i år. Frå venstre ser vi lærar Ole Arvid Vesterdal, Hlynur Logi Stefansson, Pravin Kathiravelu, Amin Kasongo, Julian Igesund, Ole-Martin Moltumyr, Elias Nærø, lærar Ludolf Skjelbostad, Marius Rafteseth, Andreas Røren og Hans David Halog.

Comments