Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Herøy vgs har open skule

Herøy vgs har open skule

Onsdag 14. og torsdag 15.mars opna Herøy vidaregåande skule dørene på dei ulike avdelingane for elevar i niande klasse.

Herøy vgs sine eigne elevar har førebudd seg godt på dette innrykket og alle utdanningsprogram hadde stasjonar der elevane ved Herøy vgs presenterte kvardagen sin, der dei gjorde ein flott jobb.

Niandeklassingane har om lag eit år att før dei på 10.trinnet skal bestemme seg for vidare utdanningsveg.

Planen med open skule er at dei unge besøkande skal få nyttig informasjon om skulen sine tilbod. Niandeklassingane er også velkomne som hospitantar ved Herøy vgs til hausten, i det dei tek til på siste året på ungdomskulen.

Herøy vgs har på Vg1 tilbod om vidare utdanning innan bygg- og anleggsteknikk, helse- og sosialfag, naturbruk, restaurant- og matfag og teknikk og industriell produksjon.

Sjå fleire foto her