Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > HVS held stengt t.o.m. 28.mars

Herøy vgs stengjer i to veker

Herøy vgs stengjer dørene frå fredag 13.mars og i to veker framover.

Alle vidaregåande skular i Møre og Romsdal vert stengt for undervisning frå og med i morgon 13.03. og i to veker framover (t.o.m. 28.03.)
Det er viktig å presisere at skulen og dei tilsette skal gjere det ein kan for å halde oppe læringstrykket sjølv om ein ikkje skal møte på skulen.

Elevar vil få informasjon frå lærarane om kva de skal arbeide med på Itslearning.

Elevane pliktar naturlegvis å følgje med på Itslearning for vekeplanar framover!
HUGS: Når de no er heime må de følgje dei råda helsemyndigheitene (Folkehelseinstituttet) gir for å hindre smitte.

Alle dei drastiske tiltaka som no vert sette i verk handlar om å dempe utviklinga av koronaviruset.