Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > HO-elevar laga julemiddag

God stemning og julemat

Måndag denne veka laga elevane ved helse- og oppvekst nydeleg julemiddag på Restaurant Lykken ved Herøy vgs.

HO-elevar lagar julemiddag

HO-elevane ved Herøy vgs diska opp med god julemat

Julemiddagen som HO-elevane på Vg1 steller i stand, har rukke å bli ein tradisjon ved skulen vår.

I løpet av den siste veka før juleferien lagar elevar, lærarar og assistentar til ei hyggeleg førjulsstund på kjøkenet og restauranten ved skulen.

Då vert det naturlegvis dampa pinnekjøt, laga til svineribbe, poteter, surkål med meir.

I ein elles hektisk kvardag og skulekvardag, er dette ei viktig samling, der ein kan slappe litt av og nyte måltidet og stunda i lag.

HO ordnar julemiddag
 
 
 

Comments