Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Godt oppmøte av 10.-klasseforeldre

Mykje folk på foreldremøte

Herøy vgs har denne veka gjennomført foreldremøte for 10.-klassingane med godt oppmøte av både foreldre og elevar. Og ja, HVS held fram med bygg- og anleggsteknikk.

Rektor Ester Sørdal Klungre og avdelingsleiarar, lærarar og elevar møtte fleire 10.-klassingar og deira foreldre tysdagskvelden denne veka.

Det som er sikkert er at Herøy vgs held fram med bygg- og anleggsteknikk og alle dei andre programområda som vi har ved skulen.

Leiarane ved skulen informerte først dei frammøtte i auditoriet vårt og etter orienteringa vart det omvising på skulen. Der vart det høve til å snakke med - og sjå - nokre av dagens HVS-elevar og lærarar for meir informasjon om utdanningsprogramma og kva dei inneheld.

Deltakarane vart delte inn i fleire grupper, der dei fekk omvising på Vg1-områda bygg- og anleggsteknikk, naturbruk, helse- og oppvekstfag, teknikk- og industriell produksjon og restaurant- og matfag.

1. mars er den ordinære søknadsfristen for inntak til vidaregåande skule og formidling til læreplass. 

Mykje folk på foreldremøte