Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > GLEDELEG PRESSEMELDING FRÅ KOMMUNEOVERLEGEN I HERØY 8.04. KL. 21.00:

GLEDELEG PRESSEMELDING FRÅ KOMMUNEOVERLEGEN I HERØY 8.04. KL. 21.00:

Alle covid-19-testane tekne av elevar og tilsette i går er negative!

Alle testane på covid-19 som var tekne i går av elevar og tilsette ved Herøy vidaregåande skule har kome på svar på i kveld, med negativt resultat, opplyser kommuneoverlegen i kveld.
Alle dei testa personane går ut av karantene i kveld. Det vert ikkje sett i verk andre tiltak i Herøy utover ei generell oppmoding til alle om å melde seg for test så snart ein har mistanke om at ein har vore utsett for smitte, eller har berre svake symptom.