Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Føresette-møte på Vg2 onsdag 16.september

Ny runde med føresette-møte

Herøy vgs inviterer til informasjonsmøte for føresette for Vg2-elevar onsdag 16.september kl.19.00.

Vanlegvis brukar desse møta å vere todelte, eitt felles først med rektor og skuleleiing, og deretter «klassevis» med kontaktlærar.

Grunna koronatiltaka kan vi ikkje samle store grupper, derfor vert møta berre med kontaktlærar i år.

Fellesinformasjonen vert dermed gitt av kontaktlærar. I tillegg vert det informasjon knytta til det programområdet eleven følgjer.

Grunna restriksjonar til kor mange som kan møte i klasseroma, er det ønskjeleg at det møter ein føresett pr. elev.