Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Fekk sjå båtproduksjon ved Kleven Verft

2MA2 på Kleven-besøk

Fredag 22. september var vi på Maritime fag (matrosklassa) på besøk til Kleven Verft i Ulsteinvik.

Faglæraren vår, Bodvar Skrede, har sjølv vore tilsett ved Kleven, så det var han som viste oss rundt.

Vi fekk sjå korleis båtane vert produserte; alt frå brenning av stål, montering av motorar og andre komponentar, montering av seksjonar på bedding, og til slutt omvising på ein Maersk båt som snart er klar for prøvetur og overlevering.

Ein kjekk og lærerik tur.

Takk til Kleven Verft for at vi fekk kome.

Skrive av elevane i 2MA2