Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Elevar får innføring i krankøyring

- Krankøyring er veldig kjekt

Mange Vg2-elevar ved Herøy vgs har i år fått teoretisk og praktisk opplæring i stroppekurs. Med bakgrunn i dette kurset har fleire av elevane også fått innføring i krankøyring dei siste vekene. – Dette var veldig kjekt. Det var litt vanskeleg i starten å vite korleis eg skulle nytte dei forskjellige spakane, men eg fekk det til etter kvart, fortel Ingrid Sævik Abelseth.

- Krankøyring er veldig kjekt

Ingrid er ei av to jenter på Vg2 maritime fag ved Herøy vgs. I vår har elevane i klassen hennar, og mange fleire Vg2-elevar ved skulen, fått høve til å tileigne seg særs viktig kunnskap om det som ventar i læretida til sjøs.

Nedst nede på Eggesbønes i Herøy har ansvarleg instruktør Asbjørn Steinnes og elevane vore så heldige å få nytte dei to fastmonterte kranene om bord fiskebåten Sildaskjær i mai og juni. Inntakskravet for å kunne ta del på innføring i krankøyring (G20 fastmonterte hydrauliske kraner) er grunnopplæring i stroppekurs, løftereiskap G11. Krankøyringskurset består av 10 timar teori, inklusiv ein teoretisk eksamenstime, og 4 timar med praktisk innføring i krankøyring.

God øving fram mot sjølivet

- Eg likar å få praktisk og konkret opplæring i ting, ikkje berre teoretisk. Etter at vi består teoretisk eksamen i krankurset, får vi god øving med praktisk krankøyring. Det er veldig nyttig, sidan vi kjenner til at det vert køyrt ein del kran både på fiskebåtar og offshore. No veit vi meir om kva som ventar når vi skal til sjøs som lærlingar, fortel Ingrid, som straks er ferdig med maritime fag ved skulen.

- Asbjørn er ein veldig flink lærar som er i godt humør heile tida. Det hjelper veldig masse og det gir meg lyst til å lære endå meir, fortel ho.

Fadderordning på havet

Etter bestått innføring i krankøyring, ventar læretida ute på havet med ei fadderordning anten på fiskebåt eller offshorefarty. Fadderordninga er slik at lærlingen innan læretida på to år skal ha minimum 40 timar med krankøyring. Med andre ord, ein sjømann, eller sjødame om du vil, som har hatt kranførarbeviset i meir enn eitt år, skal syte for at lærlingen får praktisert nok tid med kranene.

- Etter at krava innan fadderordninga er fullført, kjem eleven tilbake på skulen for praktisk eksamensprøve i ein time. Krankøyring er kanskje spesielt aktuelt på fiskebåt, men offshore også, fortel ansvarleg instruktør Asbjørn Steinnes, som er tilsett ved Herøy vgs.

- Elevane viser god kunnskap både teoretisk og praktisk, noko som naturlegvis er kjekt å få stadfesta, seier han.

Richard er snart i mål

Richard Berge avslutta sitt toårige løp på Vg2 maritime fag ved Herøy vgs for snart to år sidan. Richard likar seg svært godt som lærling om bord offshorefartyet Olympic Zeus, og i løpet av juli skal han gjennomføre sin praktiske eksamen i samband med kranførarbeviset.

- Eg gler meg til å kome i mål. Eg har vore lærling i to år og har køyrt ein del kran i læretida. Fyrste tida kan det sjølvsagt vere krevjande og vanskeleg, men etter ei kort stund bak hendlane på krana får dei fleste kontroll. Fadderordninga er ein svært nyttig del av læretida og eg synest det er kjempeflott at ein har eit slikt tilbod med god opplæring i området vårt. Det er naturlegvis viktig å vere forsiktig, og å tenke sikkerheit når ein står bak spakane. Når ein er til sjøs og der er bevegelse i båten, kan der vere litt utfordringar sidan lasten kanskje svaiar fram og tilbake. På same tid er det kjekt å styre krana, fortel Richard Berge.

Saka er å finne i siste utgåve av Regionavisa:

http://regionavisa.visto.no/webbook/2015-06-10/#54

- Krankøyring er veldig kjekt
 
   
   

Comments