Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Elevane besøkte lakseslakteriet

Bedriftsbesøk på Marine Harvest

Elevane på Vg1 TIP og NA besøkte sist torsdag lakseslakteriet ved Marine Harvest på Eggesbønes.

Marine Harvest - ei spennande bedrift

Marine Harvest opna i 2011 ny filetavdeling til ein kostnad på meir enn 130 millionar kroner.

Elevane fekk sjå på nært hald eit av verdas største lakseslakteri og dei fekk informasjon om selskapet, i tillegg til god, grilla laks servert av kokke-elevane ved HVS.

Marine Harvest er ei viktig bedrift i Herøy og filetavdelinga har ein dagsrekord på meir enn 176 tonn ferdigfiletert laks. Ei effektiv og lønsam bedrift i vårt nærmiljø, med andre ord.

Comments