Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Ein lovande kandidat i plate-/sveisefaget

Ein lovande kandidat i plate-/sveisefaget

Stein F. Storeide frå Fiskå er TIP-elev ved Herøy vidaregåande skule. Utplasseringsperioden får han ved Ulstein Verft si avdeling på Fiskå.

Stein Storeide
Stein_Storeide1

Ved verftet på Fiskå er det høg aktivitet. Det største skipet i verftet si historie skal byggast, og her skal blant anna seksjonane byggast før dei blir monterte saman til heilt skip i Ulsteinvik. I løpet av dei to utplasseringsvekene får Stein godt innblikk i arbeidet. Sølvi Nygård er platearbeidar ved verftet, og skal vere med i opplæringa. Ho fortel at Stein får vere med på både sveising, brenning og teikningslesing. Med nødvendig verneutstyr tenner Stein brennaren og går vidare i arbeidet. Han understrekar at dette er lærerikt og interessant.

I utgangspunktet søkte Stein på Herøy vidaregåande skule si avdeling i Vanylven, men på grunn av få søkjarar måtte han få opplæringa i Fosnavåg, der han går saman med 26 andre på same programområde.

Avdelingsleiar på TIP, Alf Olger Dypvik er takksam for at bedriftene stiller opp i det viktige rekrutteringsarbeidet. Elevane får ei unik moglegheit til å få arbeidserfaring, og også å profilere seg mot aktuelle arbeidsgjevarar.