Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Digitale orienteringsmøte torsdag 21. og tysdag 26.januar

Digitale orienteringsmøte om vidaregåande opplæring

Dei vidaregåande skulane på søre Sunnmøre inviterer til digitale orienteringsmøte om vidaregåande opplæring.

For vår del på Herøy vgs, er det mogleg å melde seg på torsdag 21.januar og tysdag 26.januar.

Det digitale møtet startar kl 18:30, vert på mellom 45 – 60 min og har følgjande program: 

- Rettar til vidaregåande skule 
- Yrkeskompetanse og studiekompetanse 
- Tilboda ved skulen 
- Søknadsprosedyre og søknadsfristar 
vigo.no og vilbli.no

Påmelding til møta. De kan melde dykk på fleire møte og ved fleire skular. I etterkant vil de få tilsendt ei lenke til dei aktuelle møte de har meldt dykk på.