Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Dersom du treng kompetansebevis

Dersom du treng kompetansebevis

Her fyl litt info omkring privatistar og kompetansebevis.

Privatistar - Vitnemål / kompetansebevis - bestille

Når treng du ikkje kompetansebevis?

Dersom du har vore elev på ein offentlig skule i fylket og vil føre karakteren frå privatisteksamen på vitnemålet ditt, kan du kontakte din gamle skule direkte.

Alle offentlege skular i Møre og Romsdal har tilgang til resultat frå privatisteksamen.

Dersom du planlegger å ta fleire eksamenar seinare, kan du vente med å bestille kompetansebevis til du har fullført alle eksameneane du har planlagt.

Når treng du kompetansebevis?

Dersom du har vitnemål frå ein privatskule eller ein skule i eit anna fylke og vil føre karakterene frå privatisteksamen på vitnemålet ditt, må du bestille kompetansebevis.

Dersom du skal ettersende karakterer som ikkje skal stå på vitnemålet ditt til Samordna opptak, må du bestille kompetansebevis.

Slik bestiller du kompetansebevis

Dersom du har avlagt privatisteksamen og ønskjer å få resultatet på eit kompetansebevis kan du bestille med å sende mail til : heroy.vgs@mrfylke.no

Slik bestiller du vitnemål

Dersom du veit at den kompetansen du har oppnådd som privatist tilfredsstiller krava til å få utstedt vitnemål, kan du bestille vitnemål ved å sende mail til : heroy.vgs@mrfylke.no

Behandlingstid

Behandlingstid er normalt 5 virkedager.  (Privatister som har vore elev på ein annan vidaregåande skule skal ta kontakt med den siste skulen dei var elev på for å få vitnemål).

Alle bestillingar som er mottatt før klokken 12 - mandag 29. juni, rekker å bli behandlet før 1. juli, som er fristen for samordna opptak.