Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > Då er vi i gong!

Skuleåret starta måndag 17.august

Måndag 17.august ønska rektor Gullik Kjellstadli nye og tidlegare elevar velkomne til skulestart ved Herøy vgs.

Då er vi i gong!
Velkomne til nytt skuleår!
Velkomne til nytt skuleår!

Det var folksamt ute på skuleplassen ved Herøy vgs kl. 09.00 denne måndagen.

Nye og tidlegare elevar såg ut til å vere godt utkvilde etter eit relativt langt avbrekk i sommar, og med nytt skuleår fyl nye mulegheiter.

- Vi håper de er klare til å ta vare på dei mulegheitene de no får i det komande skuleåret. Her har de gode høve for fagleg læring, men også sosial læring, og knyting av til dømes nye vennskap. Vi ønskjer alle våre elevar velkomne til starten på eit nytt skuleår, sa rektor.

Comments