Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter > 1TP3 vann årets fotballturnering

Førjulsfotball i Herøyhallen

I dag var det tid for førjulsfotball i Herøyhallen, då elevane tok del i innandørsturnering. Mange gode spelarar og til saman 12 lag spelte kampar frå morgonen av. 1TP3 vart årets fortente vinnarar etter ein ganske jamn finale. 

1TP3 spelte i den aller første kampen i turneringa klokka 09, og stod som vinnarar etter finalesiger mot 2BY på ettermiddagen.

Siste kamp for dagen gjekk mellom vinnarane 1TP3 og lærarlaget, der lærarane til slutt vann 2-1.

Vonde tunger vil ha det til at lærarlaget fekk kvile heile dagen før dei spelte berre EIN einaste kamp, og hadde fordel av eit lett kamp-program. Dei vonde tungene har sannsynlegvis rett, men onsdagen vart likevel ein kjekk dag med stort publikum og sosialt samvere.

Førjulsfotball i Herøyhallen