Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Nyheiter

Tidlegare elevar på besøk

Noverande kokkelærlingar i Geiranger og Stavanger, herøyværingane Jørgen Stenersen og Geir-Håkon Bøe, returnerte sist veke til Herøy vgs for å lage mat saman med årets Vg2-kull på kokk- og servitørfag.

Les meir

Bendik - ein dyktig liveartist

Onsdag 14. september imponerte bergensartisten Bendik på scena ved Herøy kulturhus.

Les meir

Kampanje for narkotikafrie skular

Elevane ved HVS fekk tysdag 13.september besøk av politiet. Politiet fortalde om kva konsekvensar rusmisbruk kan få for unge menneske både på kortare og lengre sikt.

Les meir

Nyttig anleggsdag for Vg1-elevar

HVS sine Vg1-elevar på bygg- og anleggsteknikk fekk oppleve anleggsbransjen på nært hald torsdag 8. september.

Les meir

Orienteringsmøte til foreldre og føresette

Det vert halde orienteringsmøte ved Herøy vgs til foreldre og føresette som har elevar på Vg1, måndag 5. september.

Planen ser slik ut:

kl. 18:00  Bygg- og anleggsteknikk, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag.

kl. 19:00  Naturbruk, Teknikk og industriell produksjon.

Dagen etter, tysdag 6. september vert det halde orienteringsmøte til foreldre og føresette på Vg2.

Tidpunktet er kl. 18:00.

Vel møtt!

Les meir

Nytt skuleår

Oppmøte første skuledag:

Les meir

Gapahuken er klar

Elevane på Vg1 bygg- og anleggsteknikk ved Herøy vgs har dei siste finversdagane nytta høvet til å gjere ferdig gapahuken på Heid. Dei har sjølve hogd ned tømmer og nytta lafteteknikk for den nye, flotte gapahuken tilgjengeleg for turgåarar.

Les meir

Bygg-gjengen har laga to overbygningar til sjukeheimar

Elevane på Vg1 BA har gjort unna mykje godt arbeid dette skuleåret. To overbygningar, ein ved Herøy Alders- og Sjukeheim og ein ved Myrvåg Alders- og Sjukeheim, er ikkje langt unna ferdigstilling.

Les meir

Ny suksess med 2KO sin familiemiddag

Sist veke baud elevane ved 2KO inn til nydeleg familiemiddag i restauranten på Herøy vgs. Kokkegjengen sluttar aldri å imponere og alle gjestane var tydeleg imponerte og takksame for ei unik matoppleving.

Les meir

Liftkurs for vaktmeistrar

Herøy vgs ved instruktør Asbjørn Steinnes, har nyleg gjennomført personløftarkurs, i lag med 10 vaktmeistrar frå distriktet vårt.

Les meir