Miljøfyrtårn
Miljøfyrtårn er Noreg sitt mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar.
Å vere Miljøfyrtårn inneber systematisk arbeid med miljøtiltak i kvardagen.
Herøy vidaregående skule vart sertifisert som Miljøfyrtårn i 2009 og resertifisert i 2012 og 2015. Dette viser at skulen jobbar med å oppfylle strenge krav til arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall, utslepp og estetikk.