Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Herøy VGS > Elevar-føresette > Helsesjukepleiar

Helsesjukepleiar

ARBEIDSOPPGÅVER:

Helsetenesta sine oppgåver er å gi råd og hjelp når det gjeld spørsmål om fysisk og psykisk helse, sosial mistilpasning og lærevanskar. Kort sagt, når du treng nokon å snakke med, står vi til di teneste.

Kari Mette Runde Eide er helsesjukepleiar ved Herøy vidaregåande skule.

 

Nokre stikkord kan gi oversikt over ting vi særleg skal ta oss av:

  • Sjukdom og plager som kan ha med skulen/skulesituasjonen å gjere
  • Problem med syn eller hørsel
  • Helseopplysning og helserettleiing
  • Samlivsspørsmål og prevensjonsrettleiing
  • Alkohol- og stoffproblem
  • Eteforstyrringar
  • Røyking
  • Personlige problem, mistrivsel
  • Lærevanskar
  • Behov for spesielle hjelpemiddel eller hjelpetiltak
  • Søknad om inntak til vidare utdanning på særskilte vilkår
  • Attestar til andre skular ved søknader
  • Spesielle opplegg og forholdsreglar i enkelte fag, t.d.kroppsøving
  • Hjelp ved enkelte akutte sjukdommar i den grad tida tillèt det.

Helsesjukepleiaren har kontortid på Herøy vidaregåande skule kvar tysdag mellom kl. 11.00 og 14.00